24.05.2010 Flyttinga har starta! Ettersom eg stort sett har pakka ned det meste av tinga på førehand, gikk flyttinga i hovudsak føre seg på 2 pinsedag. Tok ut ein flyttedag dagen etter og fekk med det litt tid til å få på plass det meste, og fekk kjøkken og soverom operative.
01.06.2010 Litt meir stell på ting no. Stove, soverom, kjøkken og bad er i funksjon. Ein del småplukk gjenstår som td. opphenging av litt bilder osv, men i det store og heile er vi (eg og ungane) på nett :-) Ungane skal vere hos meg frå i ettermiddag, så riving av det eine rommet som til slutt skal utgjere mitt nye bad kjem ikkje til å starte før i veke 23.
03.06.2010 Har teke nokre bilder av stove og bad + bod som skal bli ein del av det nye badet. Rolege kveldar med ungane i går og i dag - ikkje gjort så veldig mykje i huset, då eg prioriterer å bruke tida saman med jentene. Eg har lagt ut bilda eg tok i dag under "før-bilder" på hovudsida mi. Klikk på dei små bilda for å sjå dei i større versjon.
06.06.2010 Noko endringar i den opprinnelige planen om å male stria på veggane på M sitt soverom. Etter å ha malt eit strøk oppdaga vi at stria løsna frå veggen. Resultatet blir veggplater som skal setjast opp, dette vil nok gi eit inntrykk av meir nyoppussa rom enn om ein berre hadde måla. Satsar på at veggplater vert montert i morgon ettermiddag/kveld slik at måling kan gjerast tysdag.

Ellers blei den store buesofaen i stova demontert og kasta ut i kveld. Stova er ikkje større enn at det greier seg med den blå tre-setaren. "Luft og plass" er viktig for meg, så rommet virka mykje luftigare etter at sofaen blei fjerna. Oppdatert stovebilde kjem.