Her har eg teikna badet mitt ved hjelp av IKEA sin baderomsplanlegger. Eg skal ha IKEA sin baderomsserie Freden.
I staden for å ha dusjveggar som teikninga viser, skal eg heller setje opp ein vegg av glasbyggarstein som bildet nedanfor viser.
Løysinga med ei enkel glasdør likte eg veldig godt, og eg skal også ha ei forsenking i golvet inne i dusjrommet slik at
golvet der inne er lågare enn resten av badet.


Eg er veldig usikker på kva golv eg skal ha på badet. Her er eit døme på noko som kan vere aktuelt.

Eller kva med eit industrielt gummigolv med knottar?